Fosnavåg

 

Det ligg der som ein skjult oase. Ikkje noko på utsida av bygningen gir peikepinn om sydenkjensla som kan overmanne deg når du stig inn i Herøy Fritidsbad. Her er så varmt og godt at ein nesten kan innbille seg at ein blir brun. 32 varmegrader i alt vatn, og om lag 35 grader i lufta. Det er så ein kan gløyme seg helt bort og berre sprade rundt på bassengkanten, trass i vintergrå hud og dårleg opparbeidd bikiniform.  

Vintersol

Til og med februarsola vil inn og bade denne morgonen. Ho strekkjer strålane sine inn dei store vindauga, og let dei gli gjennom grønblått vatn.

– Det er stor stas kvar gong badelappen kjem opp i hylla til ungane. Her likar vi oss godt både store og små, seier Gunn Nerland frå Troll-Myra barnehage.

På dagtid vert badeanlegget brukt av skular og barnehagar i Herøy kommune. Ungane kvin av fryd når den blå ormen av ei sklie vert sett i gang, og dei kan kaste seg ut i eit vått rutsj.

Morgonfisk

Om du er tidleg oppe og har lyst å vakne med ein dukkert, så har fritidsbadet ope for morgonbadarar måndag til fredag frå kl. 07.00 til 08.15. No i vintermånadene får du morgonsola med på kjøpet.

I tillegg til hovudbassenget på 12,5 x 11 m, er her eige barnebasseng, avslappingsområde med massasjedyser og høgtrykks vasstraum, badstove og steambad. Badeanlegget er ikkje spesielt stort, men har godt besøk frå både nær og noko fjernare.

Fullt hus

 – I helgane er her ofte fullt hus, spesielt om vêret er dårleg. Folk frå nabokommunane kjem hit gjerne på kvardagar, og i helgane kjem familiar både frå Ålesund, Stryn og Måløy, fortel dagleg leiar for Herøy Fritidsbad, Karl Petter Sortehaug – eller «Bade-Kalle» som han vert kalla.

Han vedgår at det til tider kan vere trongt om saligheita, og gler seg over planar om ei stor utviding av badeanlegget.

Feiring

Eit tilbod som vert mykje nytta er å ha bursdagsfeiring i fritidsbadet. Då vert det dekt til fest i den våte kafeen, og selskapet kan veksle på å ete pølser og dukke etter skattar i bassenghavet.

– Vi har bursdagsfeiringar omtrent kvar dag. Det er kjempepopulært. Ungane storkosar seg med vassklie-konkurranse og den oppblåsbare dinosauren Dino, fortel «Bade-Kalle».

Berre for vaksne

Herøy Fritidsbad er ope for alle kvar ettermiddag måndag til torsdag, og i helgane. Badeanlegget er midt i blinken for familieaktivitet, leik og moro.

Men klokka 20.30 er det slutt på ståk og leven. Då er det vaksentid i bassenget, aldersgrense 18 år.

– Då roar vi ned, set på musikk og tenner stearinlys, og har nokre stille timar der dei vaksne kan hente seg inn att i ein travel kvardag.

Seier «Bade-Kalle» frå sin oase i Herøy.